Hans Bethe

Hans Albrecht Bethe (2. juli 1906–6. mars 2005) var ein tysk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1967. Han deltok i utviklinga av atombomba i 1945, men vart seinare kritisk til verksemda si og var aktiv i anti-atomvåpenarbeid saman med Albert Einstein. Han vart fødd i Strassburg, då i Tyskland (no i Frankrike), og gjekk på gymnaset og studerte fysikk i Frankfurt. Han tok doktorgraden i teoretisk fysikk ved Ludwig-Maximilians-Universität München under professor Arnold Sommerfeld i juli 1928. Han gjorde rask karrière og underviste ved universiteta i München, Frankfurt og Stuttgart Alt før han var 25. Bethe kom frå ein familie av framståande forskarar. Han hadde kristen tysk far og jødisk tysk mor, og forlet difor Tyskland i 1933, og kom to år seinare til USA. Bethe vart i 1984 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.


Developed by StudentB